Lokal-forskrift om Gauldalsløypa

I MÅL: Etter åtte års prosess ble Gauldalsløypa en realitet. Start i rett ende heretter, oppfordrer Reidar Mylius

… er endelig stadfesta, etter «åtte år med en aldri så liten berg-og-dal-bane» slik snøskuterklubbens leiar uttrykker det til Fjell-Ljom 28.11.24. Som tidlegare kommunepolitikar, og på den tida arbeidet starta-opp, vil eg, i tillegg til eit lykke-ønskje, få kommentere, skriver Reidar Mylius i dette innlegget. 

Publisert

Dette er et leserinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Leiar'n full-rosar og takkar kommunen for innsatsen, og det med god grunn, for den har lagt-ned uhorveleg med «manne-timar» og ressursar i prosjektet. Men ser vi bakover, så er det òg atskillig sjølforskyldt. Før kommunevalget i 2015 var det politikarar, og truleg òg noen i administrasjonen, som «lova» at ei skuterløype ville vera «grei skuring» i løpet av kommande eller til den neste vintersesongen. 

Men trass i åtvaringane frå eit politisk mindretal, enkeltpersonar og organisasjonar vart oppstartinga og gjennomføringa dei første åra så uheldig som det går an. Staten hadde sendt kommunane ein vegleiar med detaljerte oppskrifter på oppstart, gjennomføring og kven som skulle/burde involveres i slike løype-prosjekt. Men det vart «gjedd blaffen» i denne vegleiinga, og til overmål vart det prestert å unnlate/omgå konstruktiv involvering frå klare medverknad-interesser. 

Hadde det vorte utvist mindre hastverk, og boka hadde vorte følgd, trur eg at ei «lovleg» forskrift kunne ha passert kommunestyret i løpet av 2018. Vi veit ikkje kor lang tid ei sannsynleg klagesak ville ha tatt, men iallfall kunne ein av rundane med (sette-) statsforvaltar-sak vore unngått!

Har det så vore noe lærdom å ta av denne berg-og-dal-bane-prosessen med Gauldalsløypa? Jau, ein heil del, slik det m.a. kjem til uttrykk i den over-nemnte Fjell-Ljom-artikkelen. Det 85-årige dauve øret mitt har fanga-opp at sooterklubben ønskjer seg og har som mål eit nett av løyper for fritidskjøring (eit betre uttrykk enn «fornøyelseskjøring»!). Ja vel, men unngå for all del nye saksbehandlings-mareritt à la Gauldalsløypa. Start da i rett ende, først med overordna planlegging som kan/bør føre fram til eit tema-kart som ein del av kommuneplanens arealdel. 

Først da er det tid for ev. ytterlegare prosjekt for løype for fritidskjøring. Dristar meg til å antyde at skuterklubben vil tene på å avgrense «appetitten» til ikkje-brøyta sommarvegar og/eller eit avgrensa skogområde, t.d. forvarets areal rundt HV-senteret i Haltdalen. Da vil konflikt-risikoen sannsynleg bli sterkt dempa. Det kjem ikkje noe godt samarbeidsklima ut av å tidleg utfordra andre fritidsinteresser, vernehensyn, reindriftsnæring, viltforvaltning m.v. Og lær av svenskane. Planlegg saman med turforeninga slik at det blir fysisk atskilte traséar for skuter og ski!

Det er viktig å senke stygge tal i ulykkesstatistikken. Her, som i all anna motorferdsel, er det «farten som drep». I tillegg kjem ulendt terreng og dårleg sikt. Alle tri hensyna talar for kanalisering av fritidskjøringa. Meiner å ha registrert at prøveordningane med Gauldalsløypa har ført til «vettugare» snøskuterkjøring, så

GO' TUR!

Powered by Labrador CMS